Utsikt over Aurland og Aurlandsfjorden i noverande Vestland. Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland/NTB/NPK.

Reiselivet trur ikkje vaksinen reddar turiståret 2021

Koronavaksine skaper optimisme i næringslivet, men delar av reiselivet trur neste sommar framleis vil vere prega av unntakstilstand.

– Eit heilt normalt år får vi ikkje, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, til NRK.

Ho merkar ein optimisme i næringa etter at vaksinen har komme på banen, og ber bankar og stat vere om å vere tolmodige kreditorar så turistnæringa kan berge fram til vi er tilbake til ein meir normal kvardag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Dagens Næringsliv står fire av ti historiske hotell og serveringsbedrifter i fare for å gå konkurs grunna svikt i inntektene. Avisa skriv at november og desember har vore blytunge for stadar som Losby Gods, Hotel Union Geiranger og Øye, Fleischer's Hotel i Voss, Gamle Logen, Statholdergaarden og Fløien Folkerestaurant.

I cruisenæringa er stemninga avventande, skriv NRK. Assisterande hamnedirektør i Nordfjord hamn, Sølve Oldeide, håpar på ei normalisering frå 1. juli. Men viktige månader kan gå tapt for cruisenæringa før det. I Aurland hamn satsar dei òg på oppstart i 2021, men med halvparten av dei planlagde anløpa.

(©NPK)