Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad (t.v.), Arbeidarpartiets Rigmor Aasrud og SVs Audun Lysbakken i Stortinget torsdag. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Regjeringspartia og SV forpliktar seg til straumtiltak

Ap, Sp og SV på Stortinget ber regjeringa finne tiltak som kan lette byrda for dei som slit med skyhøge straumrekningar.

– Med dette forslaget parkerer vi all uro om det kjem tiltak eller ikkje. No vedtek vi at noko skal skje, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NTB.

– Vi slår fast at det er eit fleirtal på Stortinget som vil ha tiltak som monnar, og det er dermed ei forplikting, slår han fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hindrar fleirtal

Dei tre budsjettkameratane vart seint onsdag kveld samde om forslaget, som samtidig hindrar fleirtal for ei rekkje andre forslag som torsdag blir lagde fram i Stortinget om ulike støtteordningar for folk med høge straumrekningar.

Forslaget viser likevel tydeleg at det er fleirtal på Stortinget for å setje i gang tiltak, påpeikar Aps parlamentariske leiar Rigmor Aasrud.

– Det er viktig at vi får teke grep og at regjeringa går i gang med å jobbe med dette. Det må gjerast kloke vurderingar for å få eit system som fungerer bra, seier ho.

Ei rekkje andre straumforslag blir lagt fram i Stortinget torsdag. Frp foreslår å betale 4.000 kroner i straumstøtte til kvar husstand i Noreg, medan Venstre, Høgre og KrF vil gi studentar 1.000 kroner ekstra i stipend.

Kjøper seg tid

Også Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad påpeikar at ein med forslaget kjøper seg litt tid.

– Med det forslaget som no blir vedteke, gir vi regjeringa litt tid til å vurdere kva grupper det er viktigast å setje i gang tiltak for, kven som har mest behov for det akkurat no. Den moglegheita trur eg vi skal ta oss, seier ho.

I forslaget blir regjeringa bede om å sjå på tiltak som kan hjelpe grupper som vert ramma spesielt hardt av ekstraordinære høge straumprisar.