Regjeringa foreslår at utslepp frå fiskeoppdrett skal regulerast gjennom standardkrav i forskrift. I tillegg foreslår dei ytterlegare krav til miljødokumentasjon. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa vil ha standardkrav for fiskeoppdrett

Regjeringa foreslår at utslepp frå fiskeoppdrett skal regulerast gjennom standardkrav i forskrift. I tillegg foreslår dei ytterlegare krav til miljødokumentasjon.

– Standardkrav og mindre saksbehandling skal gjere det meir føreseieleg for næringa. Samstundes kan forureiningsmyndigheitene konsentrere innsatsen om saker som krev særskilt løyve etter forureiningslova. I tillegg blir miljøomsyn sikra med krav til meir og betre miljødokumentasjon, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.

Det er Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet som har komme med forslaget, som no blir sendt på høyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein del av arbeidet med å gjere det enklare for oppdrettsnæringa å planleggje og drive verksemd. Vi vil ha eit klart og godt miljøregelverk som det er enkelt å ta omsyn til, og som gjer næringa mest mogleg berekraftig over tid, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

(©NPK)