Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) legg fram revidert nasjonalbudsjett denne veka, og der er det varsla innstrammingar. Det kan gå ut over nye motorvegar. Foto: Terje Pedersen/NTB.

Regjeringa varslar nedskalering av motorvegprosjekt

Mindre omfattande vegutbygging og lågare fartsgrenser kan bli konsekvensen av krigen i Ukraina og eit rekordstort jordbruksoppgjer.

Både statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har varsla at det vil komme innstrammingar i det reviderte statsbudsjettet som blir seinare lagt fram denne veka.

Klassekampen skriv at det vil få konsekvensar som færre felt på nye motorvegar og lågare fartsgrenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vere mykje pengar å spare på å byggje mindre enn firefelts motorveg, og det kan vere mykje å spare på å ha ei fartsgrense på 80 kilometer i timen i staden for 110. I den situasjonen vi er i no, er det heilt naturleg å gå igjennom desse prosjekta på nytt, seier partifellen til finansministeren Erling Sande, som er leiar av transportkomiteen på Stortinget.

Også samferdselspolitisk talsperson for Ap Jone Blikra er samd, og meiner ein vil få meir ut av å satse på fylkesvegar og lokalvegar enn på firefelts motorvegar.

– Det kan like godt hende at ein vel å utsetje prosjekt eller å skalere dei ned som å kutte, seier han.

(©NPK)