Statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa opnar delvis for feriereiser i heile Norden. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa opnar for feriereiser i heile Norden – men berre til Gotland i Sverige

Frå 15. juni kan nordmenn reise på ferie til alle land i Norden, men berre til område der smittepresset er akseptabelt, varslar statsminister Erna Solberg (H).

For Sverige er det i dag berre Gotland som tilfredsstiller krava.

– Eg er klar over at dette er svært skuffande for nokon. Men restriksjonane er baserte på objektive kriterium som er like for alle, sa Solberg på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa åtvarar òg mot reiser til København. Situasjonen skal vurderast kontinuerleg, og kartet over tillatne område vil bli oppdatert minst kvar fjortande dag, seier helseminister Bent Høie (H).

– Eg håpar at andre område i Sverige snart har ein smittesituasjon som opnar for reiser til desse, seier han.