Kunnskapsminister Guri Melby (V) gav ut ein eigen smittevernrettleiar for vidaregåande skular onsdag. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Regjeringa opnar for bruk av munnbind på vidaregåande skular

Ein ny smittevernrettleiar for vidaregåande skular opnar for at skuleeigar og lokale helsestyresmakter kan vurdere bruk av munnbind utanfor undervisning.

Utanfor undervisning betyr til dømes til og frå klasseromma og i friminutt. Tiltaket skal vere eit ekstra smitteverntiltak for elevar og tilsette, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Dei eldste elevane har betre føresetnad for å kunne bruke munnbind riktig, og derfor kan munnbind utanfor klasserommet vurderast som eit ekstra smitteverntiltak. Til dømes kan det vere aktuelt i fellesområde der det lett kan oppstå trengsel, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruk av munnbind skal vere frivillig og bør delast ut gratis. Det skal ikkje vere eit alternativ til å halde avstand.

Vernar trafikklyssystem

Smittevern på vidaregåande skular er ei utfordring, fordi elevane er eldre og samlar elevar frå eit større geografisk område.

Fram til no har det vore ein felles smittevernrettleiar for ungdomsskulen og vidaregåande, men no har sistnemnde fått ein eigen rettleiar. Rettleiaren er laga av Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.

Trafikklyssystemet med grønt, gult, og raudt tiltaksnivå blir bevart i rettleiaren for vidaregåande skular.

– Smittevernrettleiarane med trafikklyssystemet har gjort det meir føreseieleg og skapt ein struktur som er forståeleg, seier Melby.

Den nye rettleiaren skal gjere det enklare for skulane å følgje smitteverntiltaka.

Strengare raudt nivå

Rettleiaren er òg oppdatert med kunnskap om dagens situasjon når det gjeld smitte blant barn og unge med muterte virusvariantar.

Regjeringa justerte nyleg opp avstandsrådet til to meter i staden for éin. Dette gjeld derimot ikkje i skular og barnehagar, fordi det må vere praktisk mogleg å halde dei opne, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I staden har dei prioritert å få ned talet på nærkontaktar.

Det blir innført strengare retningslinjer for kontaktar på raudt nivå. Talet på kontaktar elevane har på ei veke blitt halvert i forhold til gult nivå. Det betyr at klassane mange stader må delast i mindre grupper, eksempelvis i halve klassar, på raudt nivå.

Også rettleiarane for barnehage og barne- og ungdomsskule skal reviderast. Dei vil bli offentleggjort torsdag.

(©NPK)