Næringsminister Iselin Nybø (V) presenterte tysdag ettermiddag den nye kompensasjonsordninga for reiselivsnæringa. Arkivfoto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Regjeringa forlengjer støtteordninga for reiselivet ut året

Den nye kompensasjonsordninga til reiselivsbedrifter skal hjelpe dei som er hardast ramma, seier næringsminister Iselin Nybø (V). Ordninga gjeld ut året.

Næringsministeren la fram den nye støtteordninga i regjeringa på ein pressekonferanse saman med partane i næringslivet tysdag ettermiddag.

– No skal vi treffe dei som er hardast ramma, seier Nybø til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal hindre konkursar

Til saman blir det sett av 1,3 milliardar kroner til reiselivsbedrifter, og dessutan 100 millionar til bedrifter som er tett knytte til reiselivet. Målet er å sikre at bedrifter som ligg an til å gå konkurs som følgje av korona, skal klare seg gjennom pandemien.

Den nye ordninga gjeld frå 1. september og til og med 31. desember. Den byggjer på den mellombelse ordninga som vart avvikla i slutten av august.

Bedrifter som har opplevd eit omsetningsfall på 40 prosent i denne perioden, vil i 2021 kunne søkje kompensasjon i form av ei eingongsutbetaling på inntil 10 millionar kroner per månad. Dekningsgrada er på 50 prosent og skal dekkje faste og uunngåelege kostnader.

Samarbeid med reiselivet

Næringsministeren legg ikkje skjul på at det har vore vanskeleg å utarbeide ein pakke som treffer riktig.

– Det har vore utfordrande å finne ei ordning som er retta og spissa mot reiselivet. Kven som skal vere inkludert i ho, har vi brukt ein del tid på, seier Nybø til NTB.

– Vi har jobba veldig tett med partane i arbeidslivet og fått veldig gode innspel, legg ho til.

Går ut ved nyttår

Det er førebels òg uvisst kor mange bedrifter og arbeidsplassar som vil få nyte godt av pakken.

– Dei beste tala vi har, er frå mai. Det vi veit er at 3.500 reiselivsbedrifter fekk støtte i den generelle kompensasjonsordninga. Men den situasjonen kan ha endra seg til det betre eller verre no som vi er i oktober, seier Nybø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje klart kva som skjer etter at ordninga gått ut ved nyttår.

– Det må regjeringa komme tilbake igjen til viss det er behov for å forlengje ordninga, understrekar næringsministeren.

– Men no har vi ei ordning på plass, så no har vi ei moglegheit til å vurdere det på ein heilt annan måte ein tidlegare, legg ho til.