Turistar i Olden trygt nede

To nederlandske turistar hadde laurdag kveld fått problem på fjelltur i Oldedalen.

Vest politidistrikt meldte laurdag kveld om to nederlandske turistar som hadde fått problem i terrenget, då dei var på fjelltur til Kattanakken i Olden.

Trygt nede

20 minuttar seinare kunne politiet melde at turistane var komne trygt ned igjen. Begge to var i ok fysisk form, og hadde ikkje behov for helsetilsyn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var kalla ut ekstra politiressursar og redningshelikopter til å bistå i redningsarbeidet, i tillegg til at politiet fekk hjelp av frivillige.

Takka

Vest politidistrikt takka via Twitter alle frivillige som stilte opp, både i søket etter den sakna kvinna i Sunnfjord, og turistane i Oldedalen.