Raudts Mímir Kristjánsson håpar å få resten av Stortinget med på å gjeninnføre feriepengar på dagpengar som ei fast ordning. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Raudt med nytt forslag om feriepengar til arbeidslause

Raudt ber Stortinget om å seie ja til at arbeidslause og permitterte skal ha krav på feriepengar – på permanent basis.

– Dette burde vere lett skuring. Det er stort fleirtal for dette på Stortinget, seier Mímir Kristjánsson til FriFagbevegelse.

Før spørjetimen onsdag overleverte han eit forslag om saka til stortingspresidenten.

Artikkelen held fram under annonsen.

I februar vedtok Stortinget einstemmig eit oppmodingsvedtak om å gi feriepengar til dei som har vore ledige i koronatida.

Men verken Solberg-regjeringa eller Støre-regjeringa har følgt opp vedtaket.

Raudt vil derfor at feriepengar på dagpengar blir gjeninnførte som ei permanent ordning. Ordninga vart fjerna av Solberg-regjeringa i 2015.

Ifølgje Kristjánsson blir dei arbeidslause straffa dobbelt opp:

– Først mistar dei jobben, deretter mistar dei ferie når dei kjem seg tilbake i jobb. Det går ikkje berre utover dei arbeidslause sjølv, men også barna og familiane deira, seier han.

(©NPK)