Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Raudt-leiaren opnar for å binde Ap og Sp til samarbeid

Bjørnar Moxnes i Raudt vil ikkje gå inn i ei raudgrøn regjering etter valet i 2021, men lanserer tanken om ein avtale med Ap og Sp om viktige politiske saker.

Ifølgje Klassekampen er Moxnes inspirert av kva som har skjedd i Danmark. Der har det regjerande Socialdemokratiet inngått ein avtale med dei mindre, raudgrøne partia i Folketinget.

Målet for Raudt er å hindre at ei eventuell mindretalsregjering beståande av Ap og Sp søkjer støtte frå høgresida. Dersom Ap og Sp dannar ei mindretalsregjering utan ein avtale, vil Raudt sjå på seg som i opposisjon, ifølgje Klassekampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Danmark gjorde Enhedslisten, det mest venstreorienterte i partiet i Folketinget, det klart at det ville gå aktivt mot ei sosialdemokratisk regjering dersom dei ikkje fekk nokon avtale. Moxnes seier det ikkje er avgjort om Raudt vil gjere det same her i landet.

– Det vil vere ein del av diskusjonen i partiet: Både om vi ønskjer ein avtale, kva slags avtale og kva som skjer viss vi ikkje får noko, seier Raudt-leiaren.

(©NPK)