Ap-leiar Jonas Gahr Støre ligg godt an til å få fleirtal for drøymeregjeringa si, ifølgje ei ny måling for BT og VG. Erna Solberg og Høgre går på si side på ein smell. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Raudgrøn regjeringstrio bergar fleirtalet på ny meiningsmåling

Høgre lek veljarar til Arbeidarpartiet og andre borgarlege parti, viser ei ny meiningsmåling. Det kan gi ei raudgrøn trepartiregjering fleirtal.

På den siste målinga som Respons Analyse har utført for Bergens Tidende og VG, går Arbeidarpartiet kraftig fram til 26,6 prosent, ein oppgang på heile 3,4 prosentpoeng.

SV får 9,4 prosent, medan Senterpartiet får 11,1. Begge fell, med høvesvis 1 og 1,5 prosentpoeng. Men til saman får dei tre partia 86 mandat, noko som ville gitt fleirtal i Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kraftig Høgre-fall

Høgre fell på si side med 2,1 prosentpoeng til 18 prosent. Det er den dårlegaste enkeltmålinga til partiet sidan mars i fjor, altså etter pandemien, og 7 prosentpoeng lågare enn valresultatet i 2017. Ekspertar seier til

Ifølgje BT viser målinga at Høgre har leke 90.000 veljarar til Ap, eller 12 prosent av dei som stemde på Høgre i 2017-valet, noko som forklarer mykje av tilbake- og framgangen til dei to partia.

Vaker rundt sperregrensa

I målinga hamnar Venstre, som har vore i framgang den siste tida, under sperregrensa med 3,9 prosent, medan både MDG og KrF ligg farleg nær med høvesvis 4,2 og 4,5 prosent.

Raudt går på si side fram 1,4 prosentpoeng til 6 prosent. Også Frp kan notere ein liten framgang til 12,4 prosent.

1.000 respondentar har delteke i Respons-målinga. Feilmarginen er på mellom 2 og 3 prosentpoeng.

Ikkje fleirtal på snittmåling

På Poll of polls' gjennomsnittsmåling så langt i september får Ap 23,8 prosent, Høgre 19,6, Frp 11,1, SV 9,6, Sp 12,9, KrF 4,1, Venstre 4,6, MDG 4,9 og Raudt 5,4 prosent. Her har Ap, Sp og SV til saman 81 mandat, altså fire unna fleirtal.

Alle partia er over sperregrensa i snittmålinga.

(©NPK)