Bon Iver er blant dei utanlandske artistane som er booka til Øyafestivalen i Oslo i august. Biletet er frå konserten deira på den same festivalen i 2012. Foto: Anette Karlsen/NTB/NPK.

Raja: Kan bli ein god sommar for norske artistar

Utanlandske artistar utan koronasertifikat må innstille seg på å gå i karantene før dei skal spele i Noreg i sommar. Det kan vere godt nytt for norske artistar.

– Vi veit ikkje korleis innreise- og karantenereglane vil vere på dei tidspunkta der festivalane skal haldast til sommaren, og korleis den lokale smittesituasjonen vil vere. Det kan bety gode nyheiter for norske artistar som kan bli brukte mykje i sommar, seier kulturminister Abid Raja (V) til NTB.

Han peikar på at artistar som allereie er i Noreg, slepp å rette seg etter innreisereglane på same måten som utanlandske artistar som blir booka til festivalar og konsertar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raja understrekar at ein ikkje kan sjå bort frå at utanlandske artistar kan spele på norske festivalar i sommar.

– Det kan vere at dei er vaksinerte og har eit verifiserbart koronasertifikat, seier han.

Statsminister Erna Solberg understrekar at utanlandske artistar som ikkje har sertifikat, må innstille seg på å måtte gå i karantene.

– Ein må ta høgd for at det ikkje kan bli København i går, Oslo i dag og Stockholm i morgon.

(©NPK)