Illustrasjonsfoto: Robert Schlesinger/NTB/NPK.

Psykiske vanskar hos mor vert ikkje sett av fagfolk

Kvart år får rundt éin av ti kvinner depressive symptom i samband med graviditet eller etter fødsel. Dette blir ikkje alltid oppdaga av helsepersonell.

Ein ny norsk forskingsrapport fastslår at opplæring av helsepersonell er for dårleg, slik at dei ikkje klarer å fange opp dei som har vanskar tidleg nok.

– Problemet er at det er anbefalt at ein skal undersøkje, men det er ingen påbod om det, seier Signe Karen Dørheim, overlege ved Sandnes distriktspsykiatriske senter, til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner det er uheldig at styresmaktene framleis ikkje har gjort meir for å møte problemet.

Gro Vatne Brean ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) er den einaste som driv med vidareutdanning av helsepersonell på dette feltet. Ho seier at dei færraste har kunnskap om korleis dei skal oppdage kvinner som slit mentalt i samband med ein graviditet.

– Enkelte er veldig gode på dette, men veldig ofte kan jordmødrer, fastlegar og helsesjukepleiarar altfor lite. Så dei med psykiske vanskar strever med å få den gode hjelpa, seier Brean til kanalen.

Ho meiner at løysinga på problemet er å få dette temaet meir inn i grunnutdanninga til helsepersonell og spesialistar.

Helsedirektoratet fortel at dei har lagt til grunn at helsepersonell som varetar gravide har kompetanse om svangerskap og psykiske vanskar. Direktoratet er no i gang med eit nordisk samarbeid for å styrkje den mentale helsa til barnet, der vil det blant anna vere fokus på identifisering av den psykiske helsa til foreldra under graviditet.

(©NPK)