Simen Bjørgen er direktør i Kulturminnefondet. Foto: Tom Gustavsen.

Prosjekt støtta av Kulturminnefondet kan få kulturminneskilt

Om ein har eit prosjekt som er støtta av Kulturminnefondet, kan ein få skilt frå Kulturminnefondet. Skiltet er i børsta, lakkert stål med teksten «Dette kulturminnet er bevart for fremtiden med støtte fra Kulturminnefondet».

– Alle prosjekt som har fått tilsegn om støtte frå Kulturminnefondet og fått godkjent sluttrapporten, kan få tilsendt metallskiltet til å henge opp på kulturminnet sitt, seier direktør Simen Bjørgen i ei pressemelding.

Eigarar sender sjølv inn førespurnad på å få skiltet, som kan sendast kostnadsfritt i posten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulturminnefondet deler òg ut «Kulturminnefondets nasjonale plakett for godt bevaringsarbeid». Denne plaketten blir delt ut til utvalde prosjekt som har utmerkt seg særleg i bevarings- og formidlingsarbeid, der eigaren har fått støtte av Kulturminnefondet.

(©NPK)