Ein økonomiprofessor meiner sentralbanksjef Ida Wolden Bache og Noregs Bank må køyre ein meir aggressiv tone og understreke at mål nummer éin er å få inflasjonen ned. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Professor meiner renta bør doblast

Professor Kjetil Storesletten meiner den norske økonomien både toler og treng ei mykje høgare rente. Han meiner ho bør opp på rundt fem prosent.

Overfor Dagens Næringsliv viser Storesletten, som jobbar ved Universitetet i Oslo, at realrenta – som er styringsrenta med frådrag for prisveksten – framleis er klart negativ.

– Mange seier at rentenivået er høgt, men den korte renta har ikkje vore så låg på mange tiår. Eg kosar meg når eg ser inflasjonstala, for huslånet mitt blir jo ete opp. Men viss eg hadde vore i rentekomiteen i Noregs Bank, ville eg kjempa veldig hardt for å auke rentenivået raskare, seier professoren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik situasjonen er no, trur han Noreg få høgare inflasjon enn andre land framover.

(©NPK)