Harastølen i Luster kommune har vore stengd av sikkerheits- og bevaringsmessige årsaker. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Politimelder innbrot på Harastølen

Luster kommune og fleire investorar til Harastølen vil politimelde sosiale-mediekontoar som legg ut bilete frå Harastølen.

Det forfalne sanatoriet i Luster har vore sperra av for folk, av sikkerheits- og bevaringsmessige årsaker.

Investor Terje Svindland seier til NRK at det er planar for bygget, og at dei ber folk om å la vere å gå inn slik at dei kan ta vare på det som er igjen av historie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel har fleire trassa sperringar for å ta bilete frå inne i bygget, skriv NRK Vestland.

Influensaar og sosiale-mediekontoar som har lagt ut bilete frå inne i bygget blir meldt til politiet.

Politibetjent ved Sogndal lensmannskontor, Christian Algerøy-Vegheim, tilrår folk om å ikkje gå inn i bygget.

– Bygget er i så dårleg forfatning at det er ein stor risiko å ta seg inn der utan løyve og kyndig kompetanse, seier han til NRK.

(©NPK)