Politimann sikta for promillekøyring

Ein politimann i Vest politidistrikt er sikta for promillekøyring og for ikkje å ha varsla politiet etter ei utforkøyring med bil natt til laurdag.

Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding tysdag. Verken føraren eller dei to passasjerane vart skadde i utforkøyringa som skjedde i Sogn og Fjordane.

Politiet vart ikkje varsla om utforkøyringa før neste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein patrulje frå Møre og Romsdal politidistrikt gjennomførte laurdag avhøyr med dei involverte og tok promilleprøve av føraren. Saka blir no send til Møre og Romsdal politidistrikt for vidare etterforsking.

I pressemeldinga opplyser politiet at det er for tidleg å seie noko om kva som har skjedd, men føraren av bilen har status som sikta, og er inntil vidare suspendert frå jobben. Dei to passasjerane har status som mistenkte.

Alle tre i bilen er tilsette i driftseining Sogn og Fjordane, opplyser politiet.

Politiet vil av omsyn til personvernet ikkje gå ut med detaljar om verken dei involverte eller kvar ulykka hende.

– Uansett kva som blir utfallet av etterforskinga, er dette ei uheldig og trist sak som vitnar om dårleg dømmekraft frå dei tilsette, seier politileiar i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

(©NPK)