Fleire bedrifter i Rogaland er svindla for totalt 20 millionar kroner dei siste vekene. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Politiet åtvarar mot fakturasvindel

Svindlarar har lurt bedrifter i Rogaland for rundt 20 millionar kroner dei siste vekene. Politiet ber firma om å vere på vakt.

– Informasjon om nye banksamband bør få varsellampene til å lyse. Ikkje betal! Ta ein telefon til leverandøren og spør om informasjonen i e-posten verkeleg stemmer. Éin telefon vil vere nok for å gjennomskode desse bedrageria, seier politiinspektør Sturle Smith til Stavanger Aftenblad.

Det dreier seg om faktiske fakturaer som skal betalast, men betalingsinformasjonen blir endra slik at pengane hamnar i feil hender, forklarer politiet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei melde sakene dreier seg om store beløp, rundt 20 millionar kroner.

Dersom ein først har vorte svindla, bør ein kontakte både politiet og banken kjapt. Beløpa kan fort bli tapte viss det ikkje blir handla raskt, ifølgje Smith.

– Nokre overføringar har politiet klart å stanse, men mykje er allereie overført til bankar i til dømes Russland og i Kina. Då blir jobben mykje vanskelegare, seier han. (©NPK)