Særleg avbestilling av reiser til utlandet har ført til store erstatningar knytt til korona. Foto: Halvard Alvik/NTB scanpix/NPK.

Passerer ein milliard kroner i korona-erstatningar

Erstatningar knytte til korona kan ha passert ein milliard kroner for forsikringsselskapa sett under eitt, viser utrekningar Gjensidige har gjort.

Det er særleg avbestilling av reiser til utlandet som har ført til store erstatningar. Erstatning for andre typar reiseskadar har derimot gått ned, slik at dei samla erstatningane i år truleg ikkje blir mykje høgare enn i 2019.

– Det som har vore spesielt i år, er at vi fekk eit enormt tal skademeldingar på våren, særleg knytt til avbestillingar. Dette førte til lang ventetid for kundane og hektiske dagar for saksbehandlarane. No er heldigvis behandlingstida i ferd med å bli meir normal, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selskapet har registrert cirka 45.000 erstatningssaker knytte til korona så langt. I tillegg til avbestillingar har mange fått erstatning for transport heim og ulike utgifter knytte til sjukdom.

– No byrjar vi å sjå konsekvensen av at dei fleste nordmenn har feriert i Noreg i år. Det kjem no uvanleg mange skademeldingar som gjeld saker innanlands, særleg om sjukdom og avbrot av reise, seier Rysstad.

Dessutan er det ein klar auke i talet på skademeldingar om bubilar, campingvogner og fritidsbåtar.

Samtidig er det no stadig færre saker som gjeld korona. I ei enkelt veke i slutten av mars fekk Gjensidige meir enn 7.000 skademeldingar knytte til korona. Desse utgjorde nesten 90 prosent av alle sakene den veka.

Den siste veka i juli var det derimot 1.400 skademeldingar, og 600 gjaldt korona og 800 vanlege skadar.

(©NPK)