Svein Andersen (67) fekk æra av å få den første dosen med koronavaksine i Noreg. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Over ein halv million dosar med koronavaksine sett i Noreg

344.669 personar er vaksinerte med første dose av koronavaksinen i Noreg, viser FHIs statistikk onsdag. 166.322 personar har fått andre dose.

Dei som har fått andre dose, inngår i talet over dei som har fått første dose. Totalt er det sett 510.991 dosar med koronavaksine.

Førebels har FHI registrert at 9.008 personar fekk første dose tysdag, og 3.495 personar fekk andre dose.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flest har fått første dose i Viken (78.960) og Vestland (39.659). Færrast av første dose er sett i Troms og Finnmark (14.952) og Møre og Romsdal (17.333).Flest personar har vorte gitt andre dose i fylka Viken (35.808) og Oslo (22.069).

Den første koronavaksinen i Noreg vart sett den 27. desember og var produsert av Pfizer og Biontech. 15. januar vart den første dosen av Moderna-vaksinen sett.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

(©NPK)