I Jølster kommune i Vestland fylke opplevde dei eit stort jordras i 2019. Arkivfoto: Audun Braastad/NTB/NPK.

Organisasjonar går saman om betre flaum- og skredsikring

Fleire organisasjonar har gått saman om å oppfordre Stortinget til å auke løyvingane til flaum og skredsikring i statsbudsjettet 2021 med 200 millionar kroner.

Åtte organisasjonar, blant anna KS, Naturviterne, Norges Bondelag og Finans Norge har skrive under eit brev som har blitt sendt til Stortinget sin energi- og miljøkomité, skriv Nationen.

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er det lagt inn ein reduksjon på 15 millionar kroner til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på postane som er til førebygging av flaum og skred.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Dette er svært uheldig i ei tid hvor utbetalingene som følge av naturskader øker. Klimaendringene rammer Norge oftere og med skader på liv, helse, matproduksjonen, infrastruktur og eiendom. Dette påvirker også næringsvirksomhet og verdiskapningen. Det er grunn til å tro at naturskader vil øke i omfang», skriv organisasjonane i brevet ifølgje Nationen.

Dei viser til ei oversikt NVE utarbeida for snart to år sidan, som viser eit behov for 3,9 milliardar kroner i flaum- og skredsikringstiltak.

(©NPK)