Kinn kommune – Noregs «raraste» kommune sidan dei to delane av kommunen har ein annan kommune mellom seg. Foto: Skjermbilete frå kommunen sine nettsider.

Opnar for omkamp om «Noregs raraste kommune»

Høgre har vore ein garantist for samanslåtte Kinn, men vil no ha folkerøysting om saka, skriv NRK Vestland.

Kinn er ein samanslått kommune som består av dei to tidlegare kommunane Flora og Vågsøy og som har kommunen Bremanger mellom seg.

– Eg trur ikkje vi får noko ro rundt saka før vi høyrer på folk, seier gruppeleiar Arlene Vågene i Kinn Høgre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag kveld vedtok lokallaget at dersom det blir eit krav om folkerøysting om Kinn kommune, vil partiet bøye seg for det.

Tidlegare statsminister Erna Solberg (H) har kalla Kinn Noregs «mest spanande kommune», men samstundes har motstanden mot samanslåinga vore sterk.

(©NPK)