Det er nye funn som kan vere leivningane etter den sakna Maja Herner. Ho forsvann sporlaust frå Ørsta i november 2018.Foto: Privat / Politiet / NTB scanpix / NPK

Nytt funn etter polsk kvinne i Ørsta

Det er funne nye leivningar som kan stamme frå den sakna polske kvinna i fjellpartiet Nivane i Ørsta.

Ifølgje ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt er det stor grunn til å tru at det nye funnet kan vere eit gjennombrot i leitinga etter den omkomne Maja Justyna Herner (25) frå Polen.

Det var torsdag kveld at politiet fekk vite om funnet etter at ein mann på tur i området kom over leivningane i nærleiken av det første funnet som vart gjort 5. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen har mellom anna observert ein sko av same type som Herner hadde på seg då ho forsvann.

Herner vart meld sakna onsdag 21. november 2018.

(©NPK)