Smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet jobbar for tida med ei større revidering av vaksinestrategien. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Ny vaksinestrategi under arbeid

Eit større arbeid med heile vaksinestrategien er under arbeid. Effekten av vaksinane på å hindre smittespreiing står sentralt i arbeidet.

Tysdag gjorde regjeringa endringar i vaksinestrategien og innført geografisk skeivfordeling. Men det går òg føre seg eit større arbeid med vaksinestrategien.

Folkehelseinstituttet har vorte bede om å sjå på vaksinestrategien på ny. Fristen for FHI å leggje fram konklusjonane frå arbeidet, er 16. mars, opplyste FHI-direktør Camilla Stoltenberg på ein pressekonferanse tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Større revidering

Endringa i vaksinestrategien tysdag skjedde på bakgrunn av ei tilråding frå FHI om geografisk skeivfordeling. Det var eit deloppdrag i den større revideringa av vaksinestrategien.

– Det er ein heilskapleg gjennomgang der mellom anna den spreiingshemmande effekten av vaksinane blir vurdert og om vi bør gjere endringar basert på det, seier smitteverndirektør Geir Bukholm til NTB.

Helsestyresmaktene har heile vegen visst at vaksinane har ei viss evne til å hindre smittespreiing, men det er knytt spenning til om det er mogleg for FHI å talfeste det.

Tredelt effekt på smittespreiing

Effekten av vaksinen på smittespreiing er tredelt, forklarer Bukholm. Først er det effekten for å førebyggje klinisk sjukdom, altså som gjer at folk blir sjuke, og det er synleg. Så er det evna dei har på å førebyggje asymptomatisk sjukdom.

Til slutt er det spørsmålet om kva effekt det har på at vaksinerte folk skil ut store mengder virus når ein er smitta, anten klinisk eller asymptomatisk.

– Dei tre effektane saman blir ganske kraftige, sjølv om den siste effekten til dømes kan vere moderat, seier Bukholm.

Det er sannsynlegvis forskjell på dei ulike vaksinevariantane når det gjeld evna til å hindre smittespreiing. mRNA-vaksinane til Pfizer og Moderna ser ut til å ha ein litt sterkare effekt på å hindre utskiljing av virus etter at ein er vaksinert enn AstraZenecas meir tradisjonelle vaksine.

Fleire aspekt

Hovudmålet for vaksinasjonsstrategien til styresmaktene er, i prioritert rekkjefølgje, å redusere risiko for død, redusere risiko for alvorleg sjukdom, halde oppe essensielle tenester og kritisk infrastruktur, verne sysselsetjinga og økonomien og å gjenopne samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til no har FHI basert fordelinga på kor mange over 65 år som bur i kvar enkelt kommune og fordelt jamt deretter. Tysdag vart det klart at det i større grad òg vil bli fordelt etter smittetrykk over lengre tid i ulike delar av landet. I tillegg ser FHI på fordeling basert på folketal.

I arbeidet med den nye vaksinestrategien blir det og sett på om AstraZeneca-vaksinen kan givast til folk over 65 år, sa Stoltenberg på pressekonferansen tysdag. Nye analysar frå Storbritannia har vist gode resultat òg for denne aldersgruppa.

Det vil òg bli sett på moglegheita for å forlengje intervallet mellom dei to dosane av Moderna og Pfizers vaksinar.

(©NPK)

Direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg på pressekonferansen om vaksinestrategi tysdag. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.