Skodespelaren Helge Jordal er opptatt av eit reint hav og er ein sentral aktør på lanseringa av den nye kampanjen. Foto: Kystverket.

Ny kampanje for eit reinare hav

Ein ny kampanje med start 20. juni rettar merksemda mot marin forsøpling og kva vi alle kan gjere for å få bukt med all plasten som hamnar i sjøen.

Det er Senter mot marin forsøpling, Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Fiskeridirektoratet som har gått saman om kampanjen. Dei har alle arbeidsoppgåvene sine knytt til havet og kjenner eit stort ansvar for å kjempe mot forsøpling av alle slag som forureinar havet.

Plast i havet er eit av verdas store miljøproblem, og kvart år hamnar tonnevis med taustumpar og plastbitar i havet. Mykje av dette finn vi att langs kysten, men det meste blir verande i havet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den 20. juni blir kampanjen «Har du mista noko» lansert i Bergen. Skodespelaren Helge Jordal er opptatt av eit reint hav og er ein sentral aktør på lanseringsfesten. Det blir også statssekretær Kristina Hansen i Nærings- og fiskeridepartementet, sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide, kystdirektør Einar Vik Arset og direktør Ann-Helen Ernstsen i Senter mot marin forsøpling.

Svært mykje av taustumpar, plastbitar og bitar av fiskereiskapar hamnar i havet rett og slett på grunn av dårlege haldningar eller dårlege rutinar – at vi mister rusk og rask mens vi driv med andre aktivitetar på sjøen. Difor spør etatane; har du mista noko?

Først når vi alle er bevisste på at taustumpen skal i søpla og ikkje på sjøen, vil det bli resultat av felles innsats og eit reinare hav.

(©NPK)