Helse- og omsorgsminister Bent Høie har kalla inn kollektiv- og transportselskap til eit møte torsdag ettermiddag. Foto: Ørn E. Borgen/NTB scanpix /NPK.

NRK: Styresmaktene kjem truleg med munnbindtilråding fredag

Styresmaktene kan kome med ei tilråding om munnbindbruk på kollektivtransport fredag, ifølgje NRK. Torsdag møter helseministeren kollektivtransportselskapa.

Aktørar NRK har snakka med, har inntrykk av at det kjem ei tilråding om bruk av munnbind i kollektivtrafikken, men ikkje eit påbod. Ifølgje NRK kjem styresmaktene mest truleg med tilrådinga på pressekonferansen til regjeringa fredag.

– Viss vi kjem til at det blir rett å tilrå munnbind i enkelte situasjonar i Noreg, vil ikkje dette kunne erstatte dei generelle krava om å halde minst éin meters avstand, vaske hendene ofte og vere heime viss du er sjuk, skriv Høie i ein e-post til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både NRK og Dagens Næringsliv skriv at Helse- og omsorgsdepartementet har kalla inn til eit møte med fleire aktørar torsdag ettermiddag.

I ein e-post som Dagens Næringsliv har fått tilgang til, går det fram at den politiske leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Samferdselsdepartementet skal vere representerte.

Helseminister Bent Høie (H) leier møtet, der dei ti største kommunane, NHO, fylkeskommunane, Kollektivtrafikkforeininga, Jernbanedirektoratet og Virke òg er til stades

Ifølgje NRK startar møtet klokka 17.

Korleis ein vidare skal halde oppe smitteverntiltak på kollektivreiser, og dessutan drøfting av innretninga på eksisterande tiltak, står på dagsordenen. Det gjer òg heimekontor.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad sa onsdag til TV 2 at det om kort tid kjem nye råd for mellom anna munnbind og reiser med kollektivtransport.

(©NPK)