Blir dei tre partileiarane Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Audun Lysbakken (SV) og Jonas Gahr Støre (Ap) regjeringskameratar? NRKs supermåling gir ei Ap/Sp/Sv-regjering 84 mandat, eitt mandat unna fleirtal. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

NRK si supermåling: Raudgrøn trio eitt mandat unna fleirtal

Ei raudgrøn trepartiregjering er berre eitt fattig mandat unna fleirtal i Stortinget på NRKs siste supermåling – der alle parti er over sperregrensa.

Over 11.500 personar frå alle valdistrikt har delteke i NRK-målinga, som dermed er langt sikrare enn vanlege meiningsmålingar. Feilmarginen er oppgitt til mellom 0,5 og 1 prosentpoeng.

Arbeidarpartiet er størst, men går tilbake frå førre supermåling i august med 0,8 prosentpoeng til 24,7 prosent. Det er òg godt under valresultatet frå 2017, då 27,4 prosent av veljarane stemde på Ap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sp fell mest

Størst fall av alle har likevel Senterpartiet, som går tilbake heile 4,3 prosentpoeng frå førre måling til 11,9 prosent.

SV går på si side fram 2 prosentpoeng til 8,9 prosent.

Eit slikt resultat vil gi dei tre partia 84 representantar i Stortinget, eitt mandat unna fleirtal.

Ei eventuell trepartiregjering blir dermed avhengig av støtte frå anten Raudt eller MDG, som begge får ei oppslutning på 4,9 prosent, noko som vil gi dei 8 mandat kvar. Det er ein liten framgang for MDG, medan Raudt står på staden kvil.

Høgre: Kan miste 11 representantar

På borgarleg side har Venstre den største framgangen på 1,6 prosentpoeng til 4,9 prosent samanlikna med augustmålinga. Også Frp og KrF går litt fram til høvesvis 12 og 4,2 prosent.

Høgre må derimot tole eit fall på 0,7 prosentpoeng til 20,4 prosent. Det er 4,6 prosentpoeng lågare enn i 2017-valet og betyr at partiet kan miste elleve av dei noverande 45 stortingsrepresentantane.

Dersom valresultatet blir i tråd med målinga, vil den borgarlege blokka ende opp med 69 folkevalde mot 100 til venstresida.

Då vil valet òg bli historisk: Aldri før har alle dei ni stortingspartia komme over sperregrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleirtal i anna måling

I ei anna måling frå Respons Analyse for

I målinga bykser Arbeidarpartiet fram til 26,6 prosent, ein oppgang på heile 3,4 prosentpoeng.

Høgre fell derimot med 2,1 prosentpoeng til 18 prosent. Det er den dårlegaste enkeltmålinga til partiet sidan mars i fjor og 7 prosentpoeng lågare enn valresultatet i 2017.

Ein av grunnane til fram- og tilbakegangen til dei to partia, er at Høgre har leke 90.000 veljarar til Ap, viser bakgrunnstala til målinga, der 1.000 respondentar har delteke. Feilmarginen er på mellom 2 og 3 prosentpoeng.

(©NPK)