Konsernsjef Anne Marit Panengstuen meiner omlegginga er nødvendig for å sikre framtidige arbeidsplassar i Nortura. Foto: Ørn E. Borgen/NTB scanpix/NPK.

Nortura vil oppgradere slakteri for opptil 1,4 milliard kroner

Nortura planlegg milliardinvesteringar for å oppgradere slakteri i Rogaland og Tønsberg, samtidig som dei vurderer å leggje ned anlegga på Gol og Sandeid.

Investeringane på mellom 1,1 og 1,4 milliard kroner fram til 2025 vil auke grada av automasjon og digitale prosessar i dei regionale fabrikkane til Nortura, opplyser selskapet i ein pressemelding.

Konsernsjef Anne Marit Panengstuen omtalar det som den største og mest offensive satsinga i Nortura nokosinne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nortura meiner at satsinga vil auke lønnsemda til konsernet med 300–400 millionar kroner i året.

Mellom anna skal eit nytt slakteri til 600 millionar bli bygt på Kviamarka i Rogaland, medan slakteriet i Tønsberg skal oppgraderast for rundt 700 millionar. Det blir òg planlagt investeringar på Rudshøgda, Malvik og Hærland.

Dei neste fire åra vil Nortura samtidig vurdere om anlegga på Gol i Viken og Sandeid i Vindafjord i Rogaland trengst.

– Eg forstår planen kan skape uro blant tilsette, men omlegginga er nødvendig for å sikre framtidige arbeidsplassar i Nortura, seier Pangenstuen.

Konsernet anslår sjølv at omlegginga vil gjelde mellom 200 og 300 tilsette.

– Eg kan forsikre at vi vil samarbeide nær med kvar og ein som blir sett i omstilling, seier ho.

(©NPK)

Nortura planlegg blant anna å oppgradere anlegget sitt i Tønsberg for rundt 700 millionarFoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.