– Uføreseielege vilkår bekymrar oss. I EU-fellesskapet jobbar vi for å redusere det mest mogleg, seier helseminister Bent Høie (H). Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Noreg fekk berre 372.000 vaksinar i februar

Noreg ligg bak skjema og fekk berre 372.000 vaksinedosar i februar. I mars får Noreg etter planen 600.000 dosar.

I mai blir det forventa over 2 millionar dosar, skriv Aftenposten.

FHI gjekk inn i februar med ein detaljert plan, omtalt av TV 2 29. januar. Vi skulle totalt få 459.000 vaksinedosar, men fasiten er altså 372.000, ifølgje tal henta inn av Aftenposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i all hovudsak AstraZeneca som ikkje klarte å levere så mykje som FHI håpa i februar.

Følgjer leverandørane planen, vil Noreg få over 600.000 dosar i mars. I april er talet 1,5 millionar. I mai kan vi få 2 millionar dosar.

– Vi er bekymra for forseinkingane. Men vi er mindre bekymra enn vi har vore. Berre i mars får vi meir enn vi har fått til saman fram til no, seier direktør Camilla Stoltenberg i FHI.

Til no er 166.000 personar fullvaksinert her i landet, det svarer til 3 prosent av befolkninga.

(©NPK)