Nordmenn er dårlege på å reparere ting dei har og kjøper i staden nytt. Fleire meiner sløseriet kunne vore unngått. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Nordmenn er dårlege på gjenbruk

Nordmenn er dårlege på å reparere ting dei har og kjøper i staden nytt. Fleire meiner sløseriet kunne vore unngått.

Det skriv NRK som refererer til siste episode av serien Sløsesjokket.

Skomakar Rolf-Steinar Aarberg er blant dei som meiner nordmenn ville levert fleire ting til reparasjon med enkle offentlege grep. Nyleg reparerte han eit par støvlettar for ein kunde, for 600 kroner. Hadde Noreg gjort som Sverige og halvert momsen på dette arbeidet, kunne det kosta 400 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur absolutt det er smart å tenkje nye tankar om korleis ein kan støtte opp om gjenbruk, utan at momskutt nødvendigvis er løysinga. Både utfordringane og moglegheitene i sirkulærøkonomien må sjåast i samanheng. Dette er høgt på dagsordenen hos oss, seier leiar Mudassar Kapur i finanskomiteen på Stortinget til statskanalen.

(©NPK)