Nordfjording blei 3,6 millionar kroner rikare

– Ja vel, det var ein hyggjeleg beskjed. Eg får sjekke om dette stemmer først, sa mannen frå Nordfjord då Norsk Tipping ringde han laurdag kveld for å fortelje at han hadde vunne 3 665 785 kroner i Lotto.

Mannen, som ønskjer å vere anonym, var ein av fire heldige som blei fleire millionar kroner rikare etter trekninga laurdag.

Dei tre andre var ei kvinne frå Lillestrøm, mann (og kompisgjeng) frå Trøndelag og kvinne (og kollegaer) frå Rælingen, skriv Norsk Tipping i ei pressemelding.