Nordea Markets anslår at oljeinvesteringane i år og neste år kjem til å falle langt mindre enn tidlegare anslått. Årsakene er høgare oljepris og myndigheitene sin skattepakke for oljeindustrien.Arkivfoto: Carina Johansen/NTB Scanpix/NPK.

Nordea: Betre enn venta for norsk økonomi

Rask innhenting, rentekutt og krisehjelp til oljebransjen er blant årsakene til at utsiktene for norsk økonomi er betre no enn i vår, ifølgje Nordea Markets.

Meglerhuset anslår at bruttonasjonalprodukt (BNP) i Fastlands-Noreg kjem til å falle med 3,5 prosent i år. I hovudscenarioet sitt i mai anslo Nordea Markets eit fall på 6 prosent.

I rapporten Economic Outlook som vart lagt fram onsdag, blir tre hovudgrunnar til den endra prognosen trekt fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Innhentinga i norsk økonomi har gått raskare enn venta.

* Rentekutt og heimeferie har løfta den innanlandske etterspurnaden.

* Høgare oljepris og oljeskattepakken gjer at oljeinvesteringane blir ein mindre brems enn frykta.

Nordea Markets anslår at økonomien vil vekse med 4 prosent neste år, og at den registrerte arbeidsløysa vil falle frå 5 prosent i år til 3,3 prosent i 2021.

Rask innhenting

Noreg vart langt på veg stengt ned 12. mars då utbrotet av koronavirus for alvor ramma landet. Mykje aktivitet stoppa opp, store delar av økonomien gjekk i stå og arbeidsløysa skaut i vêret.

I sommar har aktiviteten stige i takt med gjenopninga av samfunnet.

– Samtidig ser vi at rentekutta frå Noregs Bank har bidrege kraftig, skriv Nordea Markets' sjeføkonom Kjetil Olsen i rapporten.

Sentralbanken sette raskt renta ned til 0 i vår for å stimulere økonomien. Nordea Markets trur ikkje renta vil bli sett ytterlegare ned og peikar i staden på at ein mindre bratt nedtur enn venta kan framskunde ein renteauke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noregs Bank har no signalisert at renta mest truleg skal opp igjen frå andre halvår av 2022.

– Noregs Bank blir vil truleg bli den første sentralbanken i verda som hevar renta, skriv Olsen.

Høg etterspurnad, sterk bustadmarknad

Etterspurnaden til hushalda er ein viktig faktor bak den økonomiske innhentinga. Både låge renter og reiseavgrensingar gir nordmenn meir pengar å rutte med. Samtidig trekkjer låg lønnsvekst og høg arbeidsløyse i motsett retning.

Sterk bustadprisutvikling er uansett eit klart teikn på at norske hushald ikkje har mista framtidstrua, summerer Nordea Markets opp.

I rapporten peikar meglerhuset på at rentekutta, alt anna likt, bidreg til at bustadkjøparane med eit normalt avdragslån kan by opp prisen på ein bustad med 15–20 prosent, utan at den løpande hushaldsøkonomien blir svekt. Torsdag kjem nye bustadpristal frå Eiendom Norge.

Oljepris og oljepakke

Samtidig fell oljeinvesteringane i år og neste år mindre enn frykta, ifølgje Nordea Markets. Prognosen frå mai om eit investeringsfall på 20–25 prosent i år og neste år, er kraftig justert.

– Vi trur no at fallet blir rundt halvparten så stort, skriv Olsen – og peikar på to hovudårsaker:

* Oljeprisen har stige frå rundt 20 til 45 dollar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Stortinget vedtok før sommaren ein skattepakke for oljeindustrien.

– Oljeskattepakken har bidrege til å redusere oljeprisen som er nødvendig for å få lønnsemd ved nye prosjekt, med opptil 40 prosent, skriv Nordea Markets' sjeføkonom.

– Det har sørgt for at dei prosjekta som vart utsette, har komme tilbake og også til ny investeringsaktivitet.

(©NPK)