Hanen er eit nettverk for opplevingsbedrifter knytt til bygdebasert reiseliv og landbruk i Noreg. Foto: Statens vegvesen.

No skal den beste gardsbutikken kårast

Hanen skal kåre den beste gardsbutikken i landet, og alle kan nominere kandidatar.

– Har du besøkt ein gardsbutikk som du meiner skil seg ut og fortener ein nominasjon i konkurransen om Noregs beste gardsbutikk? Kanskje den har eit særdeles freistande utval av lokale produkt, ei spesielt flink og hyggeleg betening eller rett og slett er så viktig for lokalmiljøet i bygda at den fortener ei utmerking? skriv Hanen på nettsidene sine. Der kan du også sende inn din nominasjon.

Kriteria for kåringa er at butikken er enkeltståande eller utsal på ein gard. Den skal i hovudsak tilby lokalforedla mat og drikke, enten servert på menyen eller selt som produkt. Lokale handverksprodukt kan også inngå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gardsbutikken skal vere ein god representant for norsk gards- og lokalforedla mat, foredla eller produsert av norske bønder og lokale produsentar.

Dei tre butikkane som får flest nominasjonar, går til ein finale der dei blir vurdert av ein jury. Vinnaren får 10.000 kroner i tillegg til promotering og synleggjering i media.

I fjor vart Fredheim gard på Stange kåra til den beste gardsbutikken i landet.

(©NPK)