Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner at NHO-analysen viser at bransjen står overfor ei rasering av arbeidsplassar dersom han ikkje får meir hjelp. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

NHO-analyse: Reiselivet har tapt 41 milliardar på koronakrisa

Det samla turistkonsumet fall med 41 milliardar kroner frå januar til august 2020 samanlikna med same periode i fjor, ifølgje ein ny NHO-analyse.

Nedgangen i turistkonsumet var størst blant utanlandske turistar, med 68 prosent nedgang i perioden – frå 46 milliardar kroner til 14 milliardar kroner, ifølgje analysen som er gjennomført av NHO for NHO Reiseliv.

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner at analysen er ei stadfesting på at reiselivet treng hjelp til å dekkje faste kostnader ut koronakrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utan hjelp står vi overfor rasering av arbeidsplassar. Bransjen treng kompensasjon for opp mot 80 prosent av faste utgifter framover så lenge smitten varer, seier ho.

Devold meiner mellom anna at dei 680 millionane i statsbudsjettet for neste år må øyremerkjast til kompensasjon for dei tre første månadene av 2021, og eventuelt etter kvart bli auka.

Reiselivsdirektøren er òg kritisk til signala frå regjeringa om at marknaden må avgjere kva bedrifter som blir med vidare, og ho meiner at ingen bedrifter kan overleve med bestillingsnivåa som er no.

(©NPK)