Fleire miljøorganisasjonar demonstrerte i juni utanfor Stortinget i Oslo mot at Nordic Mining fekk driftskonsesjon for gruveprosjektet ved Førdefjorden. Arkivfoto: Tore Meek/NTB/NPK.

Naturvernforbundet vil klage på utsleppsløyve til Nordic Mining

Miljødirektoratet tillèt gruveselskapet Nordic Mining å sleppe ut to tonn av kjemikalien SIBX i Førdefjorden kvart år. Uakseptabelt, meiner Naturvernforbundet.

Direktoratet gav løyvet trass i åtvaringar frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet om negative miljøkonsekvensar.

Den svært giftige kjemikalien blir brukt til utvinning av rutil frå Engebøfjellet på nordsida av Førdefjorden i Sunnfjord kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er heilt uakseptabelt. SIBX er ekstremt giftig for vasslevande organismar. Her speler Miljødirektoratet russisk rulett med ein rein fjord, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.

– Å tillate eit utslepp av ei slik gift i ein frisk og artsrik fjord er eit svært risikabelt eksperiment. Det seier seg sjølv at vi ikkje kan behandle fjordane våre på denne måten, seier Ask Lundberg.

Naturvernforbundet varslar at dei vil klage på utsleppsløyvet.

(©NPK)