E16 mellom Bergen og Voss er ein av dei mest rasutsette vegstrekningane i landet. Arkivbildet er frå då Bolstadtunnelen vart stengd etter ras i august i fjor. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

NAF krev meir vedlikehald av vegar

NAF meiner Nasjonal Transportplan som blir lagt fram til våren, må innehalde ein plan for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på dei norske vegane.

– Det ligg mykje kvardagstryggleik for folk i å reparere hol og usikre vegskuldrer, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF, i ei pressemelding.

Ho oppmodar samferdselsminister Knut Arild Hareide til å prioritere ein plan for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på norske vegar når Nasjonal Transportplan skal leggast fram våren 2021. Ryste fortel at NAF-bladet Motor har berekna at etterslepet på fylkesvegane er på over 60 milliardar kroner og at talet er stigande.

Artikkelen held fram under annonsen.

I partiprogrammet til KrF heiter det at «reduksjonen i vedlikehaldsetterslepet på statens vegar må fortsette, og innsatsen på fylkesvegane må styrkes kraftig gjennom økte løyvingar». I 2021 er det stortingsval og siste moglegheit til å vise at dei kan levere på løfta om ein kraftig auke i løyvingane, skriv NAF.

(©NPK)