Dei nye innovasjonsmillionane skal støtte opp under berekraftig vekst for norske bedrifter, ifølgje næringsminister Iselin Nybø (V). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Næringslivet får over 600 millionar kroner i innovasjonsstøtte

Gjennom Forskingsrådet gir regjeringa ytterlegare 602 millionar kroner i innovasjonsstøtte til 66 bedrifter over heile landet.

– Det går føre seg ei kraftig kunnskapsutvikling i norske bedrifter, og vi må støtte opp under dette for å sikre berekraftig vekst og auka konkurransekraft, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding frå departementet.

Støtta går til føretak innan helse, teknologi, reiseliv og land- og havbruk. Både oppstartsbedrifter og små, mellomstore og store får støtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye støtta kjem i tillegg til nesten 1,7 milliardar som tidlegare er tildelte innovasjonsprosjekt i næringslivet. Desse har gått til 164 bedrifter.

Dermed er det i år gitt rundt 450 millionar kroner meir i innovasjonsstøtte enn i 2019.

(©NPK)