Regnvêr og snøsmelting i fjellet fører til høg vasstand i blant anna Gudbrandsdalslågen, som her ved Krekke i Sør-Fåvang i Ringebu kommune. Foto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

Mykje nedbør gir oransje flaumnivå i fleire elvar

I fleire elvar i både Sør-Noreg og Nordland har vassføringa auka etter dei store nedbørsmengdene i helga. Og vatnet stig framleis på grunn av snøsmeltinga.

Høge temperaturar og auke i snøsmeltinga kombinert med meir regn på delar av Austlandet gjer at vassføringa i enkelte elvar vil halde fram med å stige dei næraste dagane, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dette gjeld spesielt i Gudbrandsdalen.

– Vassføringa har frå søndag og natt til måndag nådd oransje nivå i mange elvar både i Sør-Noreg og i Nordland. Mange har kulminert, men fleire er framleis stigande, seier Elin Langsholt, vakthavande hydrolog i NVE i ei statusoppdatering på varsom.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alvorleg situasjon

– Oransje nivå er ein alvorleg situasjon som er sjeldan og kan medføre alvorlege skadar. Det er ikkje tilrådd å opphalde seg nær elvar og bekker med stor vassføring. I den grada det no er mogleg, er det viktig å sikre og flytte verdiar langs utsette vassdrag, seier Langsholt.

Både fredag, laurdag og søndag har det kome mykje nedbør, noko som held fram på formiddagen måndag på austlege delar av Austlandet.

Raudt nivå i Strynevatnet

Både i Gudbrandsdalslågen og i Otta har vassføringa stige sidan søndag. I Ottavassdraget, som renn til Lågen, har vassføringa auka monaleg. I Vestland fylke var vassføringa i Strynevatnet på raudt nivå – det mest alvorlege – laurdag kveld, og vasstanden har auka noko sidan då. Det er venta at vatnet vil halde fram med å stige i nokre dagar til.

– Det er framleis venta høge temperaturar dei neste tre dagane og vedvarande stor snøsmelting i Nordland. Dette kan gi vassføringar på gult og til og med oransje nivå dei neste tre dagane, seier Langsholt.

Framleis skogbrannfare

Sjølv om regnvêret dei siste dagane har vore kjærkome, så er det framleis stor skogbrannfare fleire stader i landet før jonsok.

Dette gjeld spesielt i Innlandet og Trøndelag, og dessutan delar av Vestland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark, ifølgje Meteorologisk institutt.

Det er i tidsrommet 15. april til 15. september eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Det er hovudregelen, men forskrifta opnar for at du kan gjere opp eld der du garantert ikkje startar ein brann.

Det er uansett ikkje fritt fram å tenne jonsokbål. Det er forbode i eller nær skogen. Der det garantert ikkje fører til brann, er jonsokbål tillate ved tilrettelagde bålplassar i strandkanten langs kysten.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)