For at motorsyklar skal bli meir synlege i trafikken, opnar styresmaktene for at tåkelys kan brukast saman med nærlys på dagtid. Foto: Gorm Kallestad/NTB.

Motorsyklistar får bruke tåkelys om dagen

For at motorsyklistar skal bli meir synlege i trafikken, vil samferdselsminister Jon-Ivar Nygård at dei skal kunne ha nærlys og tåkelys på samtidig om dagen.

– Ulykkesstatistikken viser at motorsyklistar er ei spesielt utsett trafikantgruppe. Lys gjer motorsyklistar meir synlege i trafikken og kan bidra til auka trafikktryggleik. Derfor endrar vi no reglane for bruk av nærlys og tåkelys på motorsykkel, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Ved utgangen av mai i år hadde sju personar omkomme i mc-ulykker i Noreg, viser tal frå Statens vegvesen. På den same tida i fjor var talet to, og i 2020 hadde fire motorsyklistar mista livet ved utgangen av mai månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved å gjere motoriserte trafikantar på to hjul meir synlege håpar samferdselsministeren å førebyggje møteulykker i kryss. Endringa, som gjeld frå 1. juli, inneber ei oppmjuking av regelverket. Lyskombinasjonen vil framleis vere forboden i mørket og for bilar.

(©NPK)