Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Mindre isbresmelting i 2020

Dei siste åra har brear, som Nigardsbreen i Luster i Vestland fylke, minka i rekordfart. Nye målingar viser derimot at breen har vakse seg større i 2020.

– Målingane viser ei tilbaketrekking på fire meter, noko som er svært lite samanlikna med tidlegare, seier Hallgeir Elvehøy til NRK. Han arbeider blant anna med å måle nivåa på isbreane.

Etter ein god vinter med mykje snø, har Nigardsbreen faktisk vakse seg større i 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har ikkje fått inn alle målingane, men det store bilete er at mange brear har minka relativt lite i år, seier Elvehøy.

Sjølv om årets tal er oppløftande, trur han hovudtendensen vil halde fram.

– I det store bilete så seier prognosane at utviklinga med varmare ver og meir smelting vil halde fram. Så forventningane er at det går dårlegare med breen.

(©NPK)