Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Mindre isbre kan svekkje interessa frå turistane

Nigardsbreen er langt mindre synleg enn tidlegare, og turistar må gå eit stykke for å kome til brefronten. Forskarane trur det på sikt kan svekkje interessa for å gå på breen.

Dei to siste somrane har turistane på Nigardsbreen fått tildelt eit spørjeskjema frå Vestlandsforsking der dei blir spurde kva dei tenkjer om framtida for dette opplevingsproduktet, skriv Sogn Avis.

Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking seier til Sogn Avis at det å sjå og kunne gå opp til breen er høgt verdsett blant turistane i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viser til at dei særmerkte brefalla mange stader vil bli reduserte eller forsvinne frå der folk kan sjå han i løpet av dei neste tiåra.

– Når du berre så vidt kan skimta noko kvitt oppå høgfjellsplatået, og ingen brefall, då har reiselivet mista noko viktig, seier han.

(©NPK)