Millionstøtte skal sikre norsk arbeidskraft i grøntnæringa

I år skal grøntnæringa i større grad få rom til å bruke norsk arbeidskraft for å halde oppe matproduksjonen. Regjeringa gir 40 millionar kroner til dette.

Beløpet skal dekkje opplæring for sesongarbeidarar, skriv Landbruksdepartementet.

– Gjennom denne ordninga vil arbeidsgivarar i grøntnæringa kunne få kompensert delar av opplæringskostnadene ved å bruke norsk arbeidskraft, seier landbruksminister Olaug Bollestad (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Som følgje av innreiserestriksjonar har næringa hatt problem med å få tak i tilstrekkeleg arbeidskraft for å kunne halde oppe matproduksjonen.

Ordninga vil gjelde for den inneverande sesongen så lenge dei gjeldande innreiserestriksjonane varer.

(©NPK)