Aksjonistar demonstrerer mot deponi i Førdefjorden i mai i år. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Miljøorganisasjonar saksøkjer staten i gruvestrid

Natur og Ungdom blir med på Naturvernets søksmål mot staten for å stanse deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

Naturvernforbundet vedtok i juni at dei ville gå til søksmål dersom også Natur og Ungdom vart med, noko dei no har sagt ja til. Dei to organisasjonane startar no arbeidet med ei stemning.

Organisasjonane meiner at løyvet som vart gitt i 2015, ikkje inkluderte ein plan for handtering av gruveavfallet, og at det bryt med EUs mineralavfallsdirektiv og avfallsforskrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selskapet Nordic Mining skal vinne ut titanmineralet rutil frå Engebøfjellet, som ligg på nordsida av Førdefjorden i Naustdal i Sunnfjord kommune i Vestland.

Restmassane frå rutilproduksjonen skal deponerast på vel 300 meters djup i Førdefjorden, noko som har utløyst kraftige protestar frå miljørørsla. Havforskingsinstituttet har åtvara mot å dumpe gruveavfall i fjorden.

Rutil blir hovudsakleg nytta til produksjon av miljøvennleg pigment eller som råstoff til titanmetall. Forskingsstiftinga Sintef har tidlegare anslått at prosjektet kan gi 170 arbeidsplassar direkte knytt til produksjonen som er anslått til å gå føre seg i 50 år. (©NPK)