Sol, båtar og turistar på ein sommardag i Kragerø. Meteorologane varslar at det framleis skal vere sommartemperaturar i Sør-Noreg, så det er fullt mogleg å ta ein båttur den siste helga i august. Foto: Marianne Løvland/NTB scanpix/NPK.

Meteorologen: Sommaren er ikkje over enno

Slutten av august nærmar seg med stormskritt, men meteorologen slår fast at vi enno ikkje har avslutta sommaren heilt.

– I sør er det litt vind og regn i dag, men det må ikkje få folk til å tru at sommaren er over. Det blir framleis nokre hyggjelege temperaturar framover, med opp mot 20 grader og sol i Sør-Noreg, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis ved Meteorologisk institutt i Tromsø til NTB onsdag.

Dagane framover byr for det meste på meir av det same vêret vi har i dag, utan dramatiske endringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Morgontåke

– Det er verken kraftig lågtrykk eller stort høgtrykk i vente. Vêret blir litt både og, men brukbart. Det blir spreidde regnbyer i sør og nord, og så blir det nokre gløtt av sol. Det blir heilt klart mogleg å sjå sola framover, og det er austafjells som får mest solskin, seier Sarchosidis.

Temperaturane i Sør-Noreg vil framleis liggje på rundt 17 til 20 grader på dagtid.

Dei fleste har nok likevel merka at det ikkje er like varmt lenger på morgon og kveld.

– Vi har sett ein del morgontåke i det siste, sidan det er kjøligare om morgonen. Det er ikkje noko vi ser i juli. Det er meir eit august-fenomen, når sola ikkje er like lenge oppe på himmelen, forklarer statsmeteorologen.

Vind i sør

I Nord-Noreg er det vesentleg kjøligare, med rundt 8 grader i Tromsø onsdag. Her blir den neste tida prega av pålandsvind, som fører kjølig vind inn frå havet. Det er venta mellom 8 og 12 grader framover i Nord-Noreg.

I Midt-Noreg blir det fint vêr fram til og med laurdag, med temperaturar opp mot 16–17 grader. Søndag blir likevel ein våt dag med regn.

På Vestlandet er det venta byer i indre strøk, men temperaturane vil nå 19–20 dagar når sola skin, seier meteorologen.

På Sørlandet kan det blåse ein del lengst i sør laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men så blir det bra igjen. Det er eit lågtrykk over Danmark som så vidt kjem inn over Noreg. Det blir ikkje mykje nedbør, men vind og moderat med regn lengst i sør, men så blir det betre igjen søndag, fortel Charalampos Sarchosidis.

(©NPK)