Per Magnus Finnanger Sandsmark og Nynorsk kultursentrum skal nytte gåveforsterkingsmidlane frå regjeringa godt. Foto: Nynorsk kultursentrum.

Meir enn 200.000 kroner til nynorsk på festivalar og turnear

Nynorsk kultursentrum får i overkant av 200.000 kr frå Kulturdepartementet. Det vil dei bruke til å formidle nynorsk på utstililngar og arrangement.

– Dette gir oss høve til å formidle nynorsk på turnear med utstillingar og arrangement i heile landet og på festivalane våre, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum, i ei pressemelding.

Regjeringspartia delte 21. januar 2021 ut gåveforsterkingsmidlar. Nynorsk kultursentrum får desse midlane fordi Fritt Ord, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebankstiftinga Hardanger og Sparebanken Vest har gitt rause bidrag til stiftinga i 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er glade for at vi har gode samarbeidspartar, både nasjonalt og lokalt, som bidreg til meir språk, kultur og kunnskap til heile landet, seier Sandsmark.

I 2021 skal Nynorsk kultursentrum arrangere Poesifestivalen i Ulvik, Litteraturdagane i Vinje og Festspela i Ørsta og Volda. Stiftinga skal òg sende ut nye utstillingar om dialekt og bibelspråk, og arrangement for både barn og vaksne, på turné til kommunar i heile landet, skriv dei i pressemeldinga.

(©NPK)