Fire fylke skal leggje til rette for allsidig småskala produksjon av grønsaker gjennom såkalla Marknadshagar. Illustrasjonsfoto: Andrea Øien Sæverud/NPK.

Marknadshagar skal styrkja lokal grønsakproduksjon

Fylkesmannen i Vestland, Trøndelag, Oslo og Viken skal saman med lokale aktørar etablere såkalla marknadshagar for å auke småskala produksjon av grønsaker.

Det fortel Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.

Marknadshagar blir forklart som ein internasjonal modell for allsidig småskala produksjon av grønsaker. Tiltaket er kjenneteikna ved at produksjonen går føre seg i konsentrert form i faste bed med ein storleik på 1–5 dekar. Mange har også ein mindre produksjon i tunnel for å forlengje sesongen, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med tiltaket er å skape ein lønsam produksjon og omsetje lokalt. Tanken er at salet skal skje gjennom REKO-ringar, andelsbruk, abonnentkassar, restaurantar eller andre matutsal.

Tilrettelegginga av marknadshagar i dei fire fylka skal skje i samarbeid med aktørar i Sverige, og verksemder som ønskjer å drive etter denne modellen kan mellom anna få kurs og rådgjeving. Det er også mogleg å søkje om oppstartsstøtte frå Innovasjon Noreg.

Målgruppa er interesserte gartnarar og bønder som anten har eige gardsbruk eller ønskjer å leige produksjon ti kortreiste grønsaker, heiter det.

(©NPK)