Tre dagar i juli aukar folketalet på Nordfjordeid kraftig. Her frå Highasakite sin konsert under Malakoff 2014.

Markerer seg på festivalkartet

Malakoff Rockfestival starta som ei elevbedrift, men har no vakse seg til å bli ein av dei største festivalane på Vestlandet.

Frå 650 besøkande i debutåret 2003, til over 30.000 musikkelskande gjestar i 2019. Den vesle festivalen på Nordfjordeid er ikkje lenger så liten.

Torsdag 21. juli brakar det laust i Malakoffparken i sentrum av Nordfjordeid igjen, og årets artistrekkje er ikkje til å kimse av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godguten frå Balestrand, Kjartan Lauritzen, opnar showet torsdag, og seinare på kvelden kan ein høyre mellom anna Honningbarna og Veronica Maggio. Fredag stikk fleire norske artistar som Polkabjørn & Kleine Heine, Kurt Nilsen, Gabrielle og Kvelertak innom festivalscena, medan laurdagens program mellom anna rommar svenske Timbuktu & Damn!, amerikanske Clutch og britiske Slowthai. Sondre Justad får gleda av å synge alle inn i sommarnatta som siste artist ut på Malakoff 2022.

Festivalcampen er ein av landets største, og er plassert rett ved sida av konsertområdet. Her kan ein slå opp eige telt, eller ta inn i ferdig oppslegne lavvoar eller i containerhus.

Den ekstra miljøbevisste vil kanskje heller velje ei natt i eit kartent, eit 100 prosent resirkulerbart telt av papp. Moglegheitene er mange, og kvar konsertkveld blir avslutta med ein times etterfest med DJ-ar på festivalcampen.