Slik såg det ut på Sørlandet hausten 2017. Arkivfoto: Tor Erik Schrøder/NTB/NPK.

Manglande tiltak mot klimaendringar i Kommune-Noreg

Dei fleste norske kommunar reknar med å bli påverka av klimaendringar, men sju av ti seiar dei manglar ressursar til å gjere noko med det, skriv Klassekampen.

Måndag teikna FNs klimapanel eit dystert bilete av følgjene av klimaendringane. I rapporten blir det åtvara om brå endringar i vêr og klima og om stadig meir intense hetebølgjer, meir styrtregn og kraftigare stormar.

Med førebyggjande tiltak som flaumsikring og oppgradering av sårbar infrastruktur, kan mange av konsekvensane av klimaendringane hindrast. Men mange kommunar er ikkje førebudde, skriv Klassekampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei spørjeundersøking blant 122 av kommunane i fjor viser at kommunane reknar med å bli påverka av meir ekstremvêr. Sju av ti kommunar oppgir at dei manglar ressursar til å gjere noko med det.

– Den klare tilbakemeldinga vi fekk frå kommunane, er at mangel på pengar og folk til å gjere arbeidet er det største hinderet for klimatilpassing, seier seniorforskar Marit Klemetsen ved Cicero senter for klimaforsking til avisa.

Professor og forskar Carlo Aall ved Vestlandsforskning har tidlegare konkludert med at kommunar først gjer noko når ekstremvêret har ramma.

– Utan innsikt i alle dei nye risikoane som oppstår, vil ein bli overraska. Då blir ein nøydd til å betale dyrt for å rydde opp etterpå. Sidan Noreg er såpass rikt, har ein på ein måte hatt råd til den tilnærminga, men det held berre til eit visst punkt. Det er eigentleg eit under at liv ikkje har gått tapt, seier Aall.

(©NPK)