Mange smitta med norovirus

Helse Førde hadde torsdag kveld ti pasientar inneliggande med det svært smittsame noroviruset ved Førde sentralsjukehus.

Viruset er den vanlegaste årsaka til omgangssjuke. Ingen av pasientane er alvorleg sjuke.

– Trur vi har god kontroll

– Vi har påvist pasienten som fekk smitten først, og alle med symptom er sette i isolasjon. Utbrotet er ikkje over, men vi trur vi har god kontroll, seier smittevernlege Bent-Are Hansen i Helse Førde i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har også vore eitt tilfelle ved Lærdal sjukehus, men dette er under kontroll. I tillegg til pasientane er også totalt seks tilsette smitta og sjukmelde.

Medisinsk sengepost

– Norovirus smittar svært lett mellom menneske. Norovirus er eit hardført virus der desinfeksjonsmiddel og handsprit verkar dårlegare enn på mange andre virus. Ein bør difor vaske hendene med såpe og vatn. Dersom du vert smitta, er sjansen stor for at du vert sjuk.

Dei som er smitta med viruset, ligg på medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus.

Individuelle vurderingar

At så mange er smitta, gjer det nødvendig å avgrense talet på besøkande. Pårørande som vil på besøk, vert bedne om å kontakte avdelinga.

– Vi kjem til å gjere individuelle vurderingar. Pårørande som treng å møte sine, eksempelvis pasientar som er kritisk sjuke, skal få kome på besøk, understrekar smittevernlegen.

Oppkast og diaré

Internt på sjukehuset er det sett i verk tiltak for å hindre spreiing, mellom dei utvida reinhald.

Kvalme, oppkast, magesmerter og diaré er vanlege symptom hos ein som er smitta med norovirus. I tillegg får mange influensaliknande symptom som feber, hovud-, muskel- og leddverk. Personar i alle aldersgrupper kan bli smitta og sjuke. Sjukdommen er vanlegvis mild, og går over av seg sjølv etter ein til tre dagar hos elles friske personar.

Utbrot skjer gjerne om vinteren, og er ikkje uvanleg i institusjonar. Sist Helse Førde hadde eit liknande utbrot var i 2018.