Barn og ungdom spelar meir dataspel med 18-årsgrense enn foreldra er klar over. Foto: Mia Oshiro Junge/NTB/NPK.

Mange foreldre anar ikkje at barna spelar spel med 18-årsgrense

Barn og ungdom mellom 9 og 17 år speler meir dataspel med 18-årsgrense enn foreldre er klar over, viser ei ny undersøking frå Medietilsynet.

I undersøkinga Foreldre og medium 2020 svarar halvparten av barna mellom 9 og 17 år at dei har spelt spel med 18-årsgrense.

Samtidig svarer åtte av ti foreldre at barna deira aldri har spelt spel med denne aldersgrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks av ti barn og unge svarar òg at dei har kjøpt ting med ekte pengar i spela, medan seks av ti foreldre svarer at dette ikkje har skjedd.

– Foreldra bør setje seg inn i spela som blir spelte, og snakke med barna både om aldersgrupper og pengebruk, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

(©NPK)